Kåre døydde så alt for tidleg og uventa 8.April 2007 i Pattaya, Thailand. Kåre var på ferie i Thailand og vart funnen død på dagen han skulle reise heim til Noreg.
Forutan sjokket dette var for Kåres familie og vener, vart det heile og ganske komplisert sidan dette skjedde så langt heimeifrå. Det var vanskeleg å få god hjelp av Norske Utanriksdepartementet og den Norske ambasaden i Thailand når me ville ha Kåre heim. Ting tok lang tid og ventetida var tung. Etter stor innsats av familien og hjelpsomme vener fekk me endeleg Kåre tilbake til Noreg fredag 27.april. Gravferda var i Årdal Kyrkje torsdag 3. mai.
Denne nettstaden er oppretta av Kåres famile som ein plass for å samle og dele minner. Me håpar mange finn gode minner her. Ta kontakt om du har noko du meiner me bør ha med på denne sida.